Hå gamle prestegard var embetsmannsbustad, prestegard, administrasjons- og kultursenter allereie for fleire hundre år sidan. No er det ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Utstillingane famnar om norsk og nordisk samtidskunst, både biletkunst, installasjon/skulptur og kunsthandverk. I tillegg er det prosjektutstillingar innan kunst- og kulturhistorie.

Hå er ein møtestad for menneske der lokalhistorie møter samtida sine kunst- og kulturuttrykk. Anlegget, som ligg heilt ut mot havet, har våningshus, driftsbygningar og jærhus. Her vert det arrangert konsertar og konferansar, litteratur- og temakveldar.

Bokhandel

I bokhandelen er det eit stort utval av kunstbøker, skjønnlitteratur, bøker om fyr og om lokalhistorie. I tillegg har me for sal eigenproduserte bøker og katalogar.

I butikken kan ein og finna postkort og plakatar med motiv frå tidligare utstillingar.

Butikken

I kunstbutikken kan ein finna gåver til vener og kjente til ulike merkedagar. Me har eit bredt utval av bildekunst, keramikk og porselen, glaskunst, tekstil og smykke både frå norske og nordiske kunstnarar.

Vanskeleg å velje? Me har gåvekort òg.

#####Kunstnarar i kommisjon

  • Bildekunst
  • Keramikk og Porselen
  • Glass
  • Tekstil
  • Smykker

Vennelaget

«Vennelaget for Hå gamle prestegard vart starta i 1986. Formålet er å fremja interessa for Hå gamle prestegard, og vennelaget har nå ca 300 medlemmar.

Som medlem i vennelaget får du gratis adgang til alle utstillingane. Du får informasjon om alt som skjer og vert invitert til å delta.

Vennelaget har ansvar for påskearrangementet 2. påskedag, og dette vert bare meir og meir populært. Her er det eggmaling, eggkoking og ikkje minst jakt på snopeegg i rullesteinane.

Medlemmar frå vennelaget deltek også på andre arrangement, for eksempel Haustmarken.

Me vil gjerne ha fleire medlemmar.

Vil du verta medlem, kan du senda epost til kultur@ha.kommune.no. Du kan også ringa til Hå gamle prestegard på telefon 51791660.»

Se flere åpningstider

Kilde: www.hagamleprestegard.no