Bjerkreim folkebibliotek ligg vegg i vegg med Vikeså skule på Lossvollen.

Det er eit kombinasjonsbibliotek (folkebibliotek + skulebibliotek).

Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift, aviser og enkelte musikkinnspelingar. Alt utlån er gratis.

Publikum har også høve til å søkja informasjon via Internett. Internett-søkinga er gratis, men tidsavgrensa. Publikum kan nytta biblioteket sin kopimaskin mot betaling pr. kopi.

Biblioteket hjelper dessutan til med å skaffa bøker og anna materiale frå andre bibliotek, dersom det ikkje finst i biblioteket sine eigne samlingar. Også denne tenesta er gratis for publikum.

Kilde: www.bjerkreim.kommune.no