Ryfylkebiblioteket Hjelmeland finn du i Vågahuset i Hjelmelandsvågen.

Bøker på andre språk:

Spør oss gjerne om du vil låna bøker på andre språk. Me kan bestilla titlar eller heile depot av bøker.

No kan du låna E-bøker frå biblioteket:

Heile Rogaland er no samla i e-bok-lesinga. Difor har me byta e-bok system. Frå 1. juli 2014 har me vore tilknytta eBokBib. Dette er ein e-bok-app som du lastar ned til smarttelefon eller nettbrett. Deretter loggar du deg på med lånenummer og pinkode. Då er du klar til å låna bøker. Appen fungerer både for IOS og for Android. Du kan lesa på flere einingar, synkronisera leseposisjon, velja språk og få smaksprøvar frå bøkene. Spør oss om du treng hjelp med dette.

Søk i biblioteket og Meg og mitt:

Du finn websøket vårt her. Her kan du søkja i katalogen vår og finna ut kva bøker, lydbøker osb. me har. Du kan bestilla eller reservera lån direkte og henta boka på biblioteket. Du kan og administrera låna dine via Meg og mitt. For å komma inn på det, må du oppgje den e-postadressa me har registrert på deg og ein PIN-kode som du kan få av oss. Her kan du sjekka kva lån du har, forlenga lånetid, reservera og laga hugseliste. Ta gjerne kontakt om du treng hjelp med dette.

Kilde: www.hjelmeland.kommune.no