På filialen finn du:

  • Bøker og tidsskrift.
  • Ting me ikkje har skaffar me frå andre bibliotek.
  • Filialen er ein samlingsstad og har ymse tilstellingar.
  • Spel og teiknesal for barn.
  • Når lokala ellers er opne, kan lånarane nytta seg av sjølvbetening.

Stoff me ikkje har, tingar me frå andre bibliotek. Media som me låner inn eller reserverer for deg, sender me skriftleg melding om. Dersom du treng kopiering, kan du gjera dette på biblioteket.

I 2007 var det 100 år sidan forfattaren Rasmus Løland døydde, medan det i 2011 var 150 år sidan han vart fødd. I Suldal skal dette markerast på mange vis.

Alle kan bruka biblioteket

Alle kan få lånekort mot å visa legitimasjon. Barn under 12 år må ha løyve frå føresette.

Dersom lånar ikkje overheld lånetida, blir det sendt purring. Ved 3. purring må du betale kr. 50,-.

Alle bibliotekeiningane har tenestene på data og internettilknytting.

Pass på det du lånar og lever det tilbake i same stand. Bøker og anna som blir øydelagt eller ikkje levert tilbake, må erstattast av lånar.

Lånetid:
  • Bøker og musikk 4 veker

  • Videofilm 1 veke

Ros og ris

Har du merknader til bibliotektenesta, kan du snakka med biblioteket om dette, eller ta kontakt med kultursjefen.

Kilde: www.suldal.kommune.no