Hausten 2008 opna det nye kombinasjonsbiblioteket ved Nedstrand barne- og ungdomsskule i romslege, lyse og nyoppussa lokale. Kombinasjonsbiblioteket utgjer summen av folkebibliotek og skulebibliotek, noko som gjev eit utvida tilbod for alle brukarar av biblioteket.

Elevane kan ordne utlåna via eigen utlåntsterminal når biblioteket ikkje er bemanna.

Det kjem fraktrute frå hovudbiblioteket i Aksdal kvar veke, og me låner frå andre bibliotek dei bøkene me ikkje har sjølve. Biblioteket har eit godt utval av romanar, fagbøker, krim og spenning for både vaksne og barn. Me har tidsskrift, lydbøker, musikk og film. I tillegg har me bøker på engelsk, ei samling med lokal litteratur og ein publikums PC knytta til internett.

I skulen sin sommarferie er biblioteket på Nedstrand stengt

Kilde: www.tysver.kommune.no