"Strengeplukk er eit bluegrassband med ein fot godt planta i bluegrasstradisjonen og ein fot på vandring i alle andre sjangrar. Gruppa er kjende i Noreg for sine utforskande arrangement, enorme energi, virtuositet og leikenheit. Med inspirasjon frå gamle amerikanske bluegrassheltar som Bill Monroe og Flatt & Scruggs, samt nyare band som Punch Brothers og Mountain Heart, har dei markert seg på den norske bluegrasscena. Etter litt over to år og mange konsertar og festivalar i Noreg og Europa, har gruppa spelt inn plate som for tida vert miksa i Nashville. Stay tuned!

Denne gongen vert det fokus på fela si rolle i bluegrass. De vil difor høyre eit utvalg av tradisjonelle "fiddletunes" i ekte Strengeplukk-stil. OBS: Det blir nokre vokallåtar òg! Vi sjåast!

Andreas B. Onarheim - mandolin/vokal
Jakob Folke Ossum - gitar/vokal
Nikolai Storevik - fele/vokal
Thorbjørn A. B. Olsen - banjo/vokal
Vidar Starheimsæter - bass/vokal"

Kilde: Facebook