Så var tida nok ein gong på den tida av året då det er nærmare semesterslutt enn semesterstart, det er meir vår enn vinter(nesten, iallefall), eksamenar er ubehageleg nærme notida, påskeferien er over og årets dårlege aprilsnarrspøkar gjennomført. Inne i alt dette virrvarret av hendingar er det likevel eit lite lysglimt, noko som får oss til å sveve på ein sky og gløyme kvardagens kjas og mas for ei lita stund. Eg snakkar sjølvsagt om Romstokk! Er du ukjend med Romstokk, så er dette det du treng å veta: Romstokk er ein musikkfestival studentersamfundet arrangerer kvart år, der folk går rundt som hippiar og dansar og hoiar til lokale band som spelar inni ein trailer.

Kor er det?
ute midt iblant dei gråaste bygningane på høgskulen( grassletta nedanfor musikkbygget ned mot parkeringsplassen og kunstgrasbanen). ,

Skeptisk?
Har du dårleg fantasi og treng visuelle framstillingar og prov på at festivalen faktisk har funne stad før kan du berre sjå i biletgalleriet til samfundet, Romstokk er godt dokumentert der. Me gler oss noko enormt, og har skyhøge forventingar til årets Romstokk!

BILETT
Pris for studentar er 150 NOK, 200 NOK for alle andre
kjøp førehandsbillett her:(kjem snart)

PÅMELDING
Frist for å melde seg på for å spela på Romstokk er sett til 1.mai.
Ved å spela på Romstokk får du gratis inngang på festivalen. Det er ikkje honorert utover dette, men det er likevel ei gylden moglegheit til å skinne framfor eit takksamt publikum med god lyd.
Band som spelar for utdelt rundt 20 minutt, den endelege speletida vert fordelt etter at me har oversikt over antal påmeldet band. For å få gratis inngang krevst det at bandet/eneamblet spelar meir enn ein song, dette er for å gjera det litt meir rettferdig og belønne innsatsen som mange band legg bak ei Romstokk-deltaking.
Du kan melde deg på direkte på facebook-sida vår eller sende ein epost til:

For påmelding
-Litt info om musikken de spelar(ei innbydande omtale)
-namn på bandmedlem og kor mange de er
-Kva utstyr de treng(utstyrsliste)
-Føretrekt tidspunkt å spela på om kvelden og føretrekt tidspunkt
å ha lydprøve på, lydprøva vert på dagtid same dagen.
-samt eit bandbilete

---------------ENGLISH-----------------------------------
We have a music-festival, it will be great fun with loads of localbands, anyone can play. If you want to know more, then ask a friend or try google translate ;) Or you can send a long message to the studentersamfundet to tell us to do the *****translate-job :)

Kilde: Facebook