Det vert piker, vin og vakker song i Festsalen når Kvinnekoret Kvitre inviterar til sin årlege vårkonsert 31. mai kl. 20.00.

Songfuglane byr på våryr stemning, vakre harmoniar og fengande poprytmar - servert med ein god dose sjarm, som vanleg!

I år har Kvitre invitert med seg dei staute karane i Buldre Mannskor til ein aldri så liten gjesteopptreden på scena. Her ligg det an til buldring og kvitter i vakker samklang!

Det vert sal av vin og andre forfriskingar i baren før konserten og i pausen.

Dørene opnar kl. 19.15. Konsertstart kl. 20.00.

Velkommen til ein stemningsfull, musikalsk vårkveld med Kvitre!

Kilde: Facebook