Ålesund kunstfagskole overtek fotogalleriet på Ålesund bibliotek den neste utstillingsperioden. Da visast utstillinga «Samfunnet» av dei to kunstfagstudentane Sunny Walderhaug og Claudia Talley Grønhaug.

Både Sunny Walderhaug og Claudia Talley Grønhaug er begeistra fotografar, men med svært ulik tilnærming til fotografiet. Der Sunny ser djupt inn i linsa og leiter etter motiv som får henne til å stoppe opp, er Cludia lynraskt framme med mobilkameraet som nærast konsumerer det ho observerer rundt seg. Dei to har no gått saman om å lage denne utstillinga med fotografi, som tar opp «Samfunnet» som tema.

Utstillinga i Ålesund bibliotek opnar tysdag 10.april kl 12.00, og er ut over dette open gjennom bibliotekets opningstider. Claudia og Sunny, samt representantar for både Ålesund Kunstfagskole og biblioteket vere til stades under opninga.

Både Sunny og Claudia er å finne med bilda sine på instagram under namna:
@jallaf3n (Sunny)
@claudiatalley (Claudia)

Utstillinga heng til 31. mai.

Kilde: Facebook