Time bibliotek inviterer til open lesegruppe saman med forfattar Peter Strassegger om debutromanen "Hva ville Johannes gjort?" av Thomas Espevik.

Lesegruppa er eit slags vorspiel til tysdag 10. april, då Strassegger og Espevik vil sakke saman om boka på Mellombels ølstove (sjå eige arrangementspublisering)

"Hva ville Johannes gjort?" er ein liten roman om ein vaksen mann, Johannes, som forsøker å forstå si eiga tru ved å tenkja tilbake på barndomen. Eit meir eller mindre tilfeldig år i barndomen til Johannes, kan me sjå føre oss, kor han stort sett er heime, går på skule og elles flyg rundt med venene sine, finn på ramp og orsaker seg til Gud.

Dette er eit tema som Peter Strassegger ønsker å utforska meir gjennom samtale med forfattaren og med fokus på boka.

Håper du finn dette interessant. Samtale om litteratur kan opna for nye refleksjonar og utenkte spørsmål. Du treng ikkje ha lese boka for å koma på arrangementa. Men viss du ønsker det, kan boka lånast på biblioteket.

Begge arrangementa er gratis!

Kilde: Facebook