Streif & Strøk speler både langreist og kortreist
folkemusikk, med digresjonar i jazzens namn.
Nokre låter har fulgt avokadoen frå Sør-Amerika,
andre har tatt vegen med Joel over grensa frå
Sverige, og det mest lokale er skrive i soverom og
stover i Trondheim, der alle for tida held hus.
Daniel har vakse opp i ein sterk
trekkspelstradisjon og studerer instrumentet ved
konservatoriet i Trondheim. Eiliv og Joel har
studert musikk ved folkehøgskular og vore ute
og spelt i ulike konstellasjonar og dei møttest i
Slovenia sommaren 2016. Sidan har dei spelt
hyppig saman.
Av trioen kan ein vente uredd og livsglad
tilnærming til eit vidt spekter av musikk.

Streif & Strøk består av:
Joel Hynsjö (perkusjon)
Eiliv Andreas Myren Ribe (fele)
Daniel Falcon Græsdal (trekkspel)

Gratis inngang / Hatten går

Kilde: Facebook