9. - 11. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med dei dyktige instruktørane Karina Eline Kibsgård og Camilla Torvik Tønne. Kibsgård og Tønne er to av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga. Yogahelga inkluderer middag fredag og laurdag, lunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar. Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg plass.

FREDAG 9. NOVEMBER
Kl. 18.00 - 19.20: Jivamukti Yoga klasse. Avspenning og meditasjon
Kl. 20.00: 3-rettars vegetarmiddag i Restaurant Nuten

LAURDAG 10. NOVEMBER
Kl. 10.00 - 12.30: Bevisst plassering i samanheng med pust. Ein workshop med fokus på teknikk, alignment og kroppsbevisstheit.
Kl. 13.00: Vegetarlunsj i Restaurant Nuten
Kl. 15.00 - 17.30: Kva er Asana? Asana vert ofte oversatt til ‘sete’. Yoga - asana (yogastillingar) handlar om å skapa eit stabilt ‘sete’, stabilitet og balanse i oss sjølve. I denne klassen flyt me igjennom kraftfulle og balanserande sekvenser for heile kroppen. Målet er å kjenna korleis me kan finna styrke og støtte i oss sjølve, samt å vera komfortable i vår eigen kropp.
Kl. 19.00: 3-rettars vegetarmiddag i Restaurant Nuten
Kl. 20.30 - 21.30: Yogafilosofi

SUNDAG 11. NOVEMBER
10.00 - 12.30: Opp/Ned. Når ting blir snudd på hovudet kan løysingar eller nye moglegheiter bli oppdaga. Dette er ein Jivamukti Yoga-klasse med fokus på korleis me førebur og gjer oss trygge til inversjonar som skulderståande, hovudståande og variasjonar av handståande.
13.00: Vegetarlunsj i Restaurant Nuten
14.00 - 15.00 Yin Yoga. Ei roleg avslutning med avspenning

*************************************************
OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

OM CAMILLA TORVIK TØNNE
Gjennom fokus på pust og teknikk tek Camilla deg gjennom krevjande asanapraksis på ein leiken og uhøgtideleg måte. Ho har stor interesse for å gjera tradisjonell yogafilosofi tilgjengeleg og relevant for dagens samfunn. «Me lever i ei tid der me er tilgjengeleg for andre store delar av døgnet, der me fordøyer enorme mengder informasjon og skal prestera i nesten alt me gjer. Yogapraksisen er som ein fristad, der merksemda blir retta innover og kor aksept og å vera fordomsfri er i fokus». Camilla har undervist yoga på fleire yogastudio, for ulike bedrifter og ved arrangement. I dag bur ho i Stavanger der ho underviser yoga ved Jivamukti Yoga Stavanger.

PRIS
Pris: Kr 2900,- per person, inkludert 3-rettars middag fredag og laurdag, lunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar. Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga.

Meld deg på her:
https://www.myrkdalen.no/no/bestill/se-gjore/a1458489/yogahelg-p%C3%A5-myrkdalen-hotel/showdetails

RIMELEG OVERNATTING
Myrkdalen Hotel tilbyr 30 % rabatt på hotellrom for alle våre yogagjester. Bruk kampanjekoden Yogamyrk når du søkjer etter overnatting desse datoane.

NB! Ta med eiga yogamatte

Kilde: Facebook