Time bibliotek flytta inn i nye lokale i 2010 og går under Time kommune sin visjon om å vera «Trygg og framtidsretta».

Biblioteket er samlokalisert med Garborgsenteret og den franske kaféen Garborgstova. (Kafeen er midlertidig stengt, men opnar att våren 2015). Me ligg like ved høghuset og næringssenteret Forum Jæren og vert næraste nabo til ein av landets største vidaregåande skule som opnar i 2015.

Visjonen for biblioteket er «Ein oase for kunnskap og oppleving». Det er vår intensjon og ønske at biblioteket skal vera ein stad der publikum ikkje berre kjem for å låna bøker, men også får tilbod om arrangement av stor variasjon. Me lever også etter mottoet openheit og tillit. Det betyr at me tilbyr ope biblioteklokale med sjølvbetjening på søndagar mellom kl 12-17. Time bibliotek kan også tilby gratis lån av møtelokale i opningstida og leige av Storsalen for ulike arrangement – både for bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Time bibliotek representerer kulturdelen av området si fellessatsing på kultur, næring og læring.

Du kan og besøke oss på Time kommunes kommunale nettsider.

Du kan kontakta oss på telefon: 51 77 61 70 eller e-post: bibliotek@time.kommune.no

Kilde: www.xn--jrbiblioteka-6cb.no