Klepp bibliotek ligg i Klepp rådhus, sentralt i Kleppekrossen. På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, filmar, tidsskrift og vekeblad, musikk og dataspel. Lokalsamlinga har lokalhistoriske bøker frå Klepp, Jæren og Rogaland. Bok til alle og Boka kjem er tilbod til dei brukarane som ikkje kan koma til biblioteket sjølv. Biblioteket har eit godt samarbeid med Det flerspråklige bibliotek om bøker på andre språk som for eksempel arabisk og somalisk.

Biblioteket er ein møteplass, der du kan lesa aviser, ta ein drøs, sitja ved datamaskinar, surfa på internett og studera på lesesal eller grupperom.

Klepp bibliotek har ikkje berre bibliotekfunksjonar, men fungerer også som kommunen sitt servicekontor, der innbyggjararane kan kopiera, ta utskrift frå PC, senda fax og mail eller få bossekker.

Klepp kommune har som visjon: Barna, vår framtid. Barneavdelinga på Klepp bibliotek har høg aktivitet, med stort utlån og eit godt samarbeid med skular og barnehagar. På barneavdelinga kan du finna bildebøker, barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, eventyrbøker, lydbøker og filmar. Barneavdelinga tilbyr 6-10 arrangement for førskulebarn i året

Alle er velkomne til Klepp bibliotek!

Kilde: www.jaerbiblioteka.no