Kvifor er det så flaut med sex, kropp og kjensler? Fleire hundretusen har prøvd ut taktikkar for å unngå den kleine stilla som legg seg i ein bil når kukostpraten plutseleg durer i gong på radioen. No skal me kjenne på den saman. Ein samtale om analsex eller squirting blir aldri så høg og lang som når du høyrer den med pappa og mamma, så korleis blir det då når me gjer det i Volda?

Fellman inntar Volda med historiar, tankar og gjestar. Det blir besøk av Emilie som har jobba som dominatrix i USA. Me får bli med inn i en verd kor ein dominant åtferd kan kjøpast for pengar. Dr. Nils kjem også på besøk! Han kan svare på alt om sex, kropp og kjensler. Med andre ord – drit i google og kjipe fastlegar, still spørsmåla dine anonymt her! Det vil bli lagt ut eit skjema for spørsmål seinare i eventet.

«Målet med eventet må jo vere å snakke så mykje om sex at det ikkje blir flaut lenger. Tenk så mange problem det hadde laust?» -Tuva Fellmann

ID: 18+
CC: 100/150,- (prisen aukar med 50,- i døra)
Dørene opner 19.30
Showstart 20.00
Billettar: https://tikkio.com/tickets/4477-veka18-sex-kropp-og-folelser

ENG //
Tuva Fellman loves to speak about sex, body and feelings. The aim of the event is to talk so much about sex that it will not be embarrassed anymore. Just think of how many problems it would have solved.The talk will be held in Norwegian.

ID: 18+
CC: 100/150,- (the price increases by 50,- at the door)
Doors opens at 7.30pm
Showstart 8pm
Tickets: https://tikkio.com/tickets/4477-veka18-sex-kropp-og-folelser

Kilde: Facebook