Kva er eit godt liv?
Kva pris betaler me for vala me tek?

To brør har ikkje sett kvarandre på 16 år. Dei har vakse opp i same heim, men likevel blitt så ulike. Den eine valte karriere, den andre valte familie. No møtest dei att for å fordela arven etter foreldra. Kva pris vil dei få for tinga dei skal dela på? Og kva pris betaler dei for vala dei sjølve har tatt?

-Me som har hatt eller har brør, kjenner både i blod og kropp kampen og kjærleiken mellom brørne, seier regissør Kjetil Bang-Hansen. - Dette er det siste av Arthur Miller sine store stykke, skrive i ei tid då Amerika mista fotfestet, nett slik mange opplever at dei gjer i dag. "Prisen" handlar om kva val me tek, både for oss sjølve og for samfunnet. Dette er eit stykke om Amerika, om oss – og alle brør.

-Med "Prisen" blir me tvungne til å reflektera over pris i alle tydingar av ordet: den prisen me ein gong betalte for noko, den prisen me i dag kan få for noko, og den prisen me faktisk set på noko – ja, i siste instans den prisen me set på oss sjølve og på våre medmenneske, seier filosof Henrik Syse i ein artikkel i teaterprogrammet.

Arthur Miller sin store læremeister var Henrik Ibsen. Det er kanskje difor han er blitt ein av en av USAs mest innflytelsesrike og populære dramatikarar. Miller er aller mest kjent for teaterstykke som "En handelsreisende død" og "Alle mine sønner". "Prisen" blei nyleg sett opp på Broadway med mellom annet Danny DeVito og Mark Ruffalo i rollene, og Barack Obama på besøk.

Premiere i Nydalen, Oslo 9. februar

Turnépremiere i Verdal 12. februar
På scenen: Per Frisch, Kim Haugen, Helge Jordal og Iren Reppen.
Regissør: Kjetil Bang-Hansen.
Scenograf: John-Kristian Alsaker.
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Framsyninga varer i 2 timar 20 min. (inkludert pause). Produsert av Riksteatret

Premiere i Nydalen, Oslo 9. februar
Turnépremiere i Verdal 12. februar
På scenen: Per Frisch, Kim Haugen, Helge Jordal og Iren Reppen.
Regissør: Kjetil Bang-Hansen.
Scenograf: John-Kristian Alsaker.
Produsent: Anita Basmo Bjørnstad

Framsyninga varer i 2 timar 20 min. (inkludert pause). Produsert av Riksteatret

Kilde: Facebook