For 12. året på rad inviterer Holiday Quintet til romjulskonsert. Småbord, servering og lun atmosfære

Frå den spede duostarten i 2006 med brødrene Kvamme Holum har Holidaybandet utvikla seg til å bli ein kvintett og ein fast event i deira kjære heimbygd. Som utflytta musikarar ønska dei å vise dei heime litt av kva dei driv med og samtidig skape eit konsertalternativ av høg kvalitet for dei heime. Av praktiske årsakar vert desse konsertane oftast lagt til feriar og høgtider, derav namnet.

Kvintetten fokuserer på å gi publikum eit avbrekk frå høgtidsmusikken ved å spele kjente låtar i nye arrangement forankra i deira musikalske virke.
Bandmedlemane har brei musikalsk bakgrunn med ein fot i mange ulike sjangrar og miljø, og dette skaper eit variert og mangefasettert uttrykk.

Elise Nærø
er busett i Fosnavåg der ho jobbar som frilansmusiker og pedagog. Ho har si utdanning frå Universitetet i Agder og har denne hausten vore å sjå på tv-skjermen.

Vegard Kvamme Holum
er for tida busett i Oslo der han nylig har fullført sin master på Norges Musikkhøgskule og jobbar som frilans musiker og pedagog.

Torstein Kvamme Holum
bur i Oslo der han jobbar som frilansmusiker, DJ og produsent.

Norvald Dahl
er busett i Oslo der han tek master i utøving på Noregs Musikkhøgskule. Han er ein ettertrakta pianist og turnérer i inn- og utland i ein rekke konstellasjonar.

Frantz Frantzen
held til på Sunnmøre der han jobbar som musikklærar og figurerar i ulike konstellasjonar som musikar. Han har si utdanning frå Høgskulen i Volda.

Fred-Michael Knotten
held til på Sunnmøre der han er mykje brukt som trommis i ein rekke ulike konstellasjonar.

Dette arrangementet er sponsa av Sparebanken Møre og Nordea.

Kilde: Facebook