Victoria Productions kjem til Sogndal med teaterforestillinga Bukkene Bruse på Badeland!

Dei tre Bukkane Bruse skal som vanleg til seters for å gjera seg feite, mn på vegen oppdagar dei eit Badeland. Kver er dette for noko rart? Kanskje det er noko morosamt og spennande? Dette må prøvast!

Morosamt er det og det blir sanneleg spennande også, for Trollet har blitt lei av å sitta under brua og venta. Og når det kjem Troll til Badeland, då blir det både spennande og vått!

Eventyret om Bukkene Bruse på Badeland har, som seg hør og bør, vore ein eventyrleg suksess i Riksteatrets dukketeatervesjon. Og no kjem ein splitter ny produksjon av denne moderne klasikkaren for barn til Sogndal Kulturhus med skodespelarar i alle rollene.

NB! Fare for Troll.....

Etter framsyninga kan alle som har lyst få møte Bukkene Bruse.


Dramatisering: Tine Thomasseb
Regi: Bjørn Sæter
Musikk: Marius Podolski
Scenografi: Per Olav Austdahl
Kostymer: Marianne Forsberg
Masker: Ingfrid Hvasset

Produsent: Victoria Productions AS

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen
Dato: Fredag 9. mars 2018
Tid: Kl. 18:00
Varigheit: ca. 45 min.

Billettpris:
Ordinær (barn, voksen) kr. 215,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på billettlinken lengre oppe, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Rullestol? Følgjekort? Kan kjøpa billettar i kiosken på kulturhuset.

Kilde: Facebook