På søndag den 4 mars inviterar me til ein forfriskande tur for dei som ikkje har reist ut av kommunen på vinterferie. Oppmøte på parkeringsplassen ved skulen/idrettsbana i Bekkjarvik fram mot kl 11. Avgang derfra kl 1100. Me tar turen i stiar opp mot kongsen, brut av vestover mot vanntankane og så sørvestover til me rundar opp mot Midtfjellet med sine tre småtoppar. Vidare ned i dalen og ny oppstigning til Kongsen. Frå Kongsen ber det ned at mot idrettsbana og startpunktet.

Turen tar omlag 2 timar. Men me har det ikkje travelt og prøver å få med dei som føler seg klare for ein tur på eit par timar i Austevollsk vinterlandskap.

Værmeldingane seier et par minusgrader og sol. Men med litt vind frå sør søraust så er det viktig å kle seg godt. Hugs ull under, god lue, votter (betre enn hansker) og gjerne eit sjal eller buff.

Det meldes om at føret er glatt og kanskje litt isete enkelte steder. Godt fottøy er svært viktig!

Litt varm drikke på ein termos er også godt å ha med.

Har du spørsmål til turen så send gjerne ein melding til Mons-Ove Hauge i forkant.

Kilde: Facebook