Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren, og sto ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne hit for å skriva nesten kvart år til han døydde i 1924. Innreiing og inventar er autentisk.

Dei fleste fotografia som er tekne av Arne i og utanfor huset er og utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møbler og andre eigedelar.

Utvendig framstår huset slik det gjorde i 1909, då det vart kledd med ståande panel. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.

I 1924 donerte enka Hulda Gaborg eigedomen til Time kommune, som held huset ope om sommaren. Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen på eigedommen.

I samband med Garborg-året 2001 vart det sett opp to minnesmerke ved Knudaheio: steinandletet "All denne fagre utsyn" av Hugo Frank Wathne, og varden "Tek kvar og ein sin vesle stein" av barna i krinsen.

Inne er det utstilling av dei fleste bileta tekne av Garborg i og utanfor huset, diktaren sine møbler og andre eignedelar, samt kopiar av første-utgåver av dei fleste bøkene.

Kilde: www.jaermuseet.no