Ytst mot havet, like ved Hå gamle prestegard, ligg eit av landets største gravfelt frå jernalder. Gravfeltet har rundt 60 gravrøyser, her er både rundrøyser og firkanta langrøyser. Ei av gravene er båtforma, to andre er stjerneforma. Gravene er arkeologisk undersøkt og rekonstruert.

Blant funna var glasperler som truleg stammar frå Svartehavsområdet. Strandgravfelt frå eldre og yngre jernalder - omlag 300 e.Kr.- 900 e.Kr. Gravfeltet på Hå er eit av dei mange gravfelta i stranda frå Kvassheim i sør til Sele i nord. På den fire mil lange strekninga er det registrert omlag 600 graver. Dei fleste ligg i sjølve rullesteinsbeitet ut mot havet.

Kven vart gravlagde på Hå?

l 1950-åra vart Hå-gravfeltet undersøkt. I tida frå rundt 300 til 900 e.Kr. vart det bygd omlag 60 gravrøyser til minst 100 personar. Mange røyser hadde fleire graver, i ei grav var det heile sju gravleggingar.

Dei fleste gravene er frå 400- og 500-tallet e.Kr. Gjenstandane som vart funne, tyder på at mest 2/3 av gravene er kvinnegraver. Folk som vart gravlagde på Hå-feltet må ha budd på gardane i nærleiken, og dei har truleg høyrd til dei øvre samfunnslaga.

Kilde: www.coast-alive.eu