Jærkysten kan vera vêrhard og nådelaus. Her har gjennom tidene skjedd mange dramatiske forlis. Mange sjøfolk omkom i brenningane utanfor Jæren, og mange slags vrakgods kunne reka i land langs strendene.

Allereie frå 1500-talet har ein forteljingar om at jærbuen, etter ei natt med skikkeleg uver og storm, kunne få hand om eksotiske varer som raudvin, sjokolade, sukker, ”peber og anden saadan speceri” – som var meint for borgarskapet i byane.

I museet kan me sjå Redningsbåten «Trygg». Det er ein såkalla surfebåt. Den er flatbotna for å kunne gå ut på sandbotn og stå støtt mellom dønningane.

For å flyta godt har ”Trygg” pølser fylt med reinsdyrhår langs sidene, kork under tiljene og kopartankar med luft. Båten er konstruert etter danske teikningar av H. C. Pedersen - som òg var med og starta NSSR. Han hadde vore skipper på ”Nordens Dronning” og vart derfor kalla ”Dronning Persen”.

Her er òg komplett utstyr frå redningsstasjonane: Skyteutstyr for livline med rakettar, utskytingsrenne, kanon, gevær, tauverk, kassar og kjerre til transport av utstyr, namnebrett frå båtar og ei stor samling foto av skip som har forlist langs jærkysten. Utanfor står ein bauta reist til minne om Consul Tønnes Houge Puntervold og forliset av «Magdalene Christine». Her står òg skulpturen "Brenning", hogd av Ståle Kyllingstad

Opningstider:

Museet er opent for omvising etter avtale. Ta kontakt med Jærmuseet tlf. 51 79 94 20. Omvisning utanom annonserte opningstider kostar vanleg billettpris, pluss eit tillegg: Måndag til fredag kl. 8 – 15 (arbeidstid) kr 300 per time Etter kl. 15 på kvardagar + laurdag og sundag kr 500 per time

Kilde: www.jaermuseet.no