Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum, og ein ynda utfartsstad heile året.

  • I Nærbøparken kan ein sjå mange forskjellige fuglerasar. Koseleg skogsområde med vatn. Det er sitjegrupper forskjellige stadar i parken.

  • Huset i parken vart opna sommaren 2005. Huset skal nyttast til utstillingslokale, og til pedagogisk arbeid innanfor skulen. Huset kan leigast ut til private arrangement, og til lag og foreiningar som ønskjer det. Her er det og høve til å få kjøpe seg ein kopp kaffi og noko attåt. Aktivitetsløype ca 700 m.

  • Opningstider: Nærbøparken er open heile året.

  • Huset i parken: Opningstider april - august: Laurdagar, søndagar og heilagdagar kl. 1200 - 1700. Elles etter avtale, tlf.: 51798380.

  • Adkomst: Tog til Nærbø, eigen transport.

Kilde: www.ha.no