Med utgangspunkt i rettsteikningane vil Anders Giæver samtale med Harald Nygård om tida hans som teiknar i VG. Nygård har portrettert landets farlegaste kriminelle, formidla stemninga i retten og teikna scener frå grufulle brotsverk. Samtalen vil gje lyttarane eit innblikk i nyare norsk kriminalhistorie.

Publikum får møte menneske som har blir utsette for store påkjenningar; tiltalte, offer, vitne, juristar og pårørande - og gje innsyn i kva som føregår i ein rettssal, sett frå første benk.

Harald Nygård er utdanna litograf og studerte ved Kunsthåndverksskolen i Bergen. Frå 1979 til han gjekk av med pensjon i 2006 arbeidde han som teiknar i VG. Han var ein av dei første rettsteiknarane i landet og spesialiserte seg etter kvart på denne type teikningar. Han har dekka dei mest omtalte kriminalsakene i Noreg og fleire av våre naboland, til dømes Treholt-saka, Palme-saka, Orderud-saka og 22.juli-saka.

Anders Giæver har jobba i VG sidan 2000, etter fleire år i aviser som Aftenposten, Dagbladet og Dagsavisen. Frå 2004 til 2008 var han leiar for kommentaravdelinga, og frå 2008 til 2011 var han VG sin USA-korrespondent. Han har dekt ei rekke større rettssaker som kommentator for avisa, mellom anna Orderud og 22. juli saka.

Kilde: Facebook