VELKOMMEN TIL BOKLANSERING PÅ BERGEN OFFENTLEGE BIBLIOTEK 17. OKTOBER!

I oktober kjem den nye diktsamlinga mi, Hjartet blir aldri fullt. Boka, som på lanseringskvelden er til salgs for kr. 200, inneheld 104 dikt som er skrivne over ein periode på nokre månader i 2017.

Kort oppsummert handlar boka om det å vera menneske, kjærast og medmenneske. Her er baksidediktet, som kanskje gir eit inntrykk av noko av det denne boka kan gi lesaren:

Dagar som ingen vil ha

Det finst dagar
som ingen vil ha
dagar som får plass
øvst på gløymelista
Slike dagar vil eg
ta vare på
slike dagar vil eg
ha med vidare

Slike dagar som ingen vil ha
er dagar som eg
kan ta fram
sjå på og læra av
Når eg får slike dagar
på avstand
kan eg oppleva
at det fanst meining der òg

--

Å vera menneske er blant anna å ha masse ulike tankar og kjensler. Vi opplever små og store ting i livet, åleine og i møte med andre menneske. Dikta i Hjartet blir aldri fullt set ord på slike sider av livet, små og store ting som vi har for oss meir eller mindre permanent, vanskelege ting, ting vi strever med, og ting vi gler oss over.

På boklanseringa 17. oktober på Bergen Offentlige Bibliotek vil forfattaren presentera seg sjølv og boka, det vil bli diktlesing og anledning til samtale.

Som nok ein smakebit, her er eit anna dikt frå boka:

Kvardagane i livet

Kvardagane i livet
er dagane det er flest av
det er i dei
vi lærer oss å leva
Eg tenker
kva ville vel
livet ha vore
utan kvardagane

Kvardagane i livet
det er å vakna
å kjenna på støle lemmar
ein tung kropp
Kvardagane i livet
det er å koma
seg opp og ut
i den nye dagen

Kvardagane i livet
er dagane
då vi strever
men også dagane då vi gler oss
over dei små tinga
alle desse detaljane
desse små handlingane
som hjelper oss på føtene og ut i lyset


Bestiiling av boka, send til
Pris kr. 250 fritt levert.

På lanseringskvelden blir det anledning til å kjøpa boka for kr. 200, eventuelt med personleg helsing frå forfattaren.

Kilde: Facebook