Studentersamfunnet i Bergen inviterer til debatt om juridisk metode i Tivoli på Det Akademiske Kvarter!

Alle kjennar til idealet om advokaten som kan overtyde einkvar om at det ho seier er riktig. Men kva om me fortalde deg at dette faktisk er eit ganske realistisk bilete på kva juristar gjer?

INNLEIARE:
- Jan Fridthjof Bernt, tidligere professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen
- Bjarne Kvam, tingrettsdommer og tidligere journalist
- Knut Martin Tande, professor i rettsvitenskap med spesialisering på metode

Juristar er pålagde å følgje juridisk metode når dei skal utforme argumenta sine. Men i motsetning til andre vitskaplege metodar vart ikkje juridisk metode utvikla med formålet å vera mest mogleg akademisk, men å følgje argumentasjonen i Høgsterett.

Korleis metoden fungerer i praksis, og om han i stor nok grad tek vare på rettstryggleiken til norske borgarar, er spørsmålet denne kvelden. Når dommarar gjev ikkje-etniske nordmenn i snitt 30 % strengare straff i valdtekssaker, eller forskarar frå UiB meiner at Høgsterettsdommarar er farga av dei politiske standpunkta sine - kan me da i det heile tatt snakke om objektive dommarar?

For å diskutera dette har me fått med oss Bjarne Kvam, tidligere journalist og nå tingrettsdommar, som møtar Jan Frithjof Bernt, tidligare professor og rektor ved UiB. Fleire innleiarar annonserast.

Det kreves medlemskap for å delta på arrangementer i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Medlemskap er åpent for alle, og kan kjøpes i døren for 50 kr. Dette gir deg gratis inngang på alle ordinære arrangementer inneværende semester.

Vel møtt!

Kilde: Facebook