Mange forbind nok Sigrid Moldestad med folkemusikk, men med den nye plata “Vere her” sprenger ho grenser, samtidig som ho tek vare på nokre av dei finaste musikktradisjonar vi har har. Det femte soloalbumet markerer 10 år som soloartist og nytt samarbeidet med produsent Yngve Leidulv Sætre. Han har strekt i både Sigrid og bandet, og resultatet er eit svært personlig folkrock/pop/vise-album med særpreg frå ein modig og mogen artist.

Sigrid Moldestad har gått frå folkemusikkplata “Taus” som fikk
Spellemannsprisen 2007 via dikt av Robert Burns, Jan-Magnus Bruheim, teater og forestillinger til en stadig sterkere stemme frå eigen penn og hjarte. Ho rører seg nærmast saumlaust mellom fleire genre, men har alltid folkemusikaren med seg i det ho skapar. Tretten nye låtar er å finne på plata “Vere her”. Dei vert også å høyre på konserten, sjølvsagt krydra med musikalske høgdepunkt frå hennar 10 år lange solokarriere.

Turnebandet:
Sigbjørn Apeland ( trøorgel, rhodes, tangentar)
Anders Røine ( langeleik, munnharpe, gitar)
Jørgen Sandvik ( gitar, mandolin, banjo, el-gitar, gucheng)
Kåre Opheim ( trommer)
Anders Bitustøyl ( bass)

(Roald Kaldestad og Anders Hall / gitarer, feler m.m )

Kilde: Facebook