Åkle er vevde teppe brukt til å leggje over sengene. Kjelder viser at åkle i alle høve har vore i bruk sidan middelalderen i Noreg.

Nordhordland Husflidslag presenterer gamle og nye åkle frå Nordhordland på Strilabiblioteket. Under opninga fortel Husflidslaget om mønster, teknikkar og bruk.

Utstillinga vert ståande på Meland bibliotek frå og med 20. august og til og med 25. august. Åklea har vore utstilt på Lindås bibliotek.

Arrangementet er gratis og alle er velkomne!

Kilde: Facebook