Møllebyen Litteraturfestival er glade for å presentere den amerikanske poeten og dramatikeren Ariana Reines' teaterstykke TELEFON, i norsk språkdrakt ved Anna Kleiva.

TELEFON er eit stykke i tre aktar som tek føre seg teknologien sin påverknad på kommunikasjon. Me treff mellom andre Alexander Graham Bell og Thomas Watson like etter oppfinninga av telefonen medan dei forsøker å forstå konsekvensane av nyvinningen, og dessutan Miss St., ei av Carl Gustav Jung sine pasienter, som trudde ho hadde ein telefon inni seg.

TELEFON vart urfremført ved Cherry Lane Theater i 2009, og tildelt to Obie Awards. Reines skreiv stykket etter ei nærlesing av filosofen Avital Ronell sin originale og krevjande The Telephone Book: Technology—Schizophrenia—Electric Speech.

TELEFON vil bli satt opp for fyrste gong i Noreg under Møllebyen Litteraturfestival i Moss. Regissør Mari V. Kjeldstadli og skodespelare Valborg Frøysnes, Petter Winther og Per Bogstad Gulliksen, som inntek den nedlagte Papirfabrikken Peterson for anledninga, står for tolkinga av dette fascinerande verket.

Lysdesign: Agnethe Tellefsen
Lyddesign: Stian Kristensen
Kostymedesign: Mette Sørhaug

Ariana Reines (f. 1982) er ein mykje prisbelønt forfattar. Bibliografien hennar inkluderer sju diktsamlingar og tre teaterstykke i tillegg til fleire gjendiktingar.

For debutsamlinga «Cow» (2006) vann ho Fence’s Alberta Prize. «Coeur de Lion» (2007) vekte oppsikt for den monologiske, sjølvutleverande tonen og den originale bruken av «bloggaktige» effekter og tematikker i eit kjensleladd, men intelligent og kunnig språk.

For stykket «TELEPHONE» (2009), vart Reines belønna med to Obie Awards. Teatarkritikeren Ben Brantley i New York Times skreiv om stykket at «the inspired and utterly original new tone poem of a play probes feelings with the sensitivity and detachment of a heart surgeon.». Kulturtidssskriftet Variety sin meldar Sam Thielman skreiv at Reines med TELEPHONE «has vaulted into a distinctly uncrowded category that hosts next-generational thinkers».

Kilde: Facebook