Vindafjordmuseet, som ligg i Vikedal, har ei rik samling av gjenstandar frå arbeids- og kvardagsliv. Samlinga viser elles vervartida med fleire modellar av seglskuter.

Museet er forma som eit bygdetun med røykstove, stabbur, kvernhus, steinhoggarbu og driftsbygning. På utearealet er det laga til plass med bålpanne, og du kan øve deg i å skyte med pil og boge.

Kilde: www.vindafjord.kommune.no