Erkebispegarden i Nidaros var nervesenteret for den katolske kyrkje og erkebiskopen si makt. Det var på mange måtar det norske ‘regjeringskvartalet’ og hadde ved reformasjonen ingen parallell her i landet, kanskje med unntak av kongens kanselli ved Mariakyrkja i Oslo. Ei stor gruppe personar hadde sin daglege gange og arbeid innanfor den kraftige ringmuren. Kven var dei? Kva hadde dei for oppgaver? Kva skjedde med dei etter at erkesetet med eitt slag vart nedlagt?

I anledning vår Anno-helg 29.-30. juli held Øystein foredrag både laurdag og søndag. Laurdag er temaet "Nidarosdomen i 1537: travel byggeplass eller stille ruin?"

Meir info om Anno-søndag:
https://www.facebook.com/events/1799712743692933/?fref=ts

Kilde: Facebook