NRK Sommartoget rullar frå Flåm til Voss 29.Juli og kjem til Voss kl 08.30 same dag. Som det gode vertskap Voss er, tenkjer me å ta imot toget med song. Voss Kommune og det lokale næringslivet spanderar frukost og underhaldning heile dagen for alle frammøtte! Frukosten startar kl 08 på stasjonen. Badnajazz-koret og Baljelauget dreg igang underholdninga. Så fylgjer underhaldning på Voss Kulturhus heile dagen med gratis kino og konsertar. Kl 21 vil spelemann Alexander Røynstrand gå fyrst i folketoget frå kulturhuset opp til NRK toget. Voss Stasjon skal fyllast med publikum til Sommeråpent, som sender live frå kl 21.30-22.30 med lokale heltar som gjestar. Kl 22.30 inviterer me dei vaksne til Olsokfest på kulturhuset, med folkemusikk og bål ved Vangsvatnet. Meir info kjem seinare, hald av dagen og finn fram bunaden, så blir det folkefest på Voss!

Kilde: Facebook