KROM er eit nytt og hardtsvingande tilskot i den norske rockabilly/americana- floraen. Bandet debuterte våren 2016 med albumet Hopp, Karoline! (Gramofon)

KROM skriv eigne låtar, og skil seg ut ved å bruke morsmålet i ein ellers så erkeamerikansk sjanger. Musikalsk sneiar bandet innom dei fleste sjangrane under roots-paraplyen, men med eit solid rotfeste i klassisk rockabilly.

Sidan bandet skriv på norsk, er det ikkje til å stikke under ein stol at Vazelina Bilopphøggers blei spelt mykje på guterommet i si tid. Legg ein til artistar som Stray Cats, Seatsniffers, Johnny Cash og Eddie Cochran får ein ein viss peikepinn på kor landet ligg. To tekstforfattarar frå kvar si side av vasskillet resulterer i låtar med høvesvis nordfjord- og hallingdialekt. Medlemmene har fartstid frå band som Green Granadas, Beat Tornados, The Hard Rollin’ Daddies og Fabel.

KROM er lyden av gutar frå grisegrendte strøk, med hamrande rock`n rollhjarter fyllt til randen av speleglede!

KROM er:
Odd-Erik Lothe – vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick – vokal og gitar
Frank Reiten – kontrabass
Morten Pisani – trommer

I kveld er det dobbelkonsert, hvis du vil ha med deg konserten med Mighty Magnolias kl 22:00: les mer & kjøp billett på madamfelle.com

Kilde: Facebook