Vilthelg på Bessheim hausten 2017🍄🌞🍁

Fredag 22. september.
Innsjekk frå klokka 17.00.Denne kvelden er det lam til hovudrett. Transjering i spisesalen. Du kan gå til bords kva tid du vil mellom klokka 18.30 og 20.30.

Laurdag 23. september.
Frokost klokka 06.30 – 10.00

Turtips laurdag:
- Gå Besseggen. For tider til båten sjå: www.gjende.no Hugs å bestille billett på båten.
- Gå rundturen frå Bessheim, via Bessvatnet, ned til Gjendesheim og attende til Bessheim over Gjendehalsen
- Det er småviltjakt denne tida, og vi sel kort for småviltjakt utan hund.
- Huldrestigen er ein fin natur- og kulturstig som ligg 10 km frå Bessheim
- Besstrondrundhø, 2-3 timar
- Knutshø, 5-6 timar
-Sjå fleire turtips på www.bessheim.no

Laurdag kveld.
Stor viltbuffet med mange spanande smakar av ost, reinsdyr, rype, fjellaure, elg og hjort med meire. Stort utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord.

Ei bordsetting klokka 18.00 og ei klokka 20.00.

Etter middagen blir det fest og musikk. Svein Rune Damstuen, Thomas Bakke og Knut Erik Tessnes spelar til dans.

Pris for mat og fest laurdag: 565,-

Søndag 24. september
Frokost 08.00-10.30

Pris for heile helga er kr. 2080,- per person i dobbeltrom. Da er rommet, middag fredag kveld, frokost, niste og middagsbuffet laurdag kveld og frokost og niste søndag morgon inkludert i prisen. Dette er på rom med dusj og toalett og oppreidde senger.

Prisane på hytter finn du på www.bessheim.no Da kjem måltida i tillegg.

Påmelding/booking på e-post: eller telefon 61 23 89 13.

Velkomne til vilthelg på Bessheim!
Helsing Bjørn og Kari

Kilde: Facebook