Torgeir Svalesen som driv Fjellrittet kjem hit til Bessheim med hestane sine i haustferien. Torsdag 5. oktober, fredag 6. oktober og laurdag 7. oktober har han tretimersturar frå klokka 10-13.00. Turen kostar kr. 600,- per person. Her er det påmelding på eller på telefon 61238913.

Det blir også barneridning desse tre dagane frå klokka 15.00. Her er det berre å møte opp, det er inga påmelding.

Velkomen til fjells!😊 Helsing Kari og Bjørn

Fyrste veka i oktober blir fagre Sjodalen fylt opp med eit fyrverkeri av skarpe haustfarger, kulinariske opplevingar, spanande aktiviteter, levande kultur, nydelege toner, mat- og musikkfesten Rock ‘n’ rein - og sjølvsagt heilt herlege fjellturar for små og store.

Gjendebåten går kvar einaste dag under Jotunheimen reinsdyrfestival, så topp gjerne det rikhaldige og varierte
programmet med tur over Besseggen.

Sjå reinensrike.no for komplett festivalprogram, booking og overnatting.

Reinens rike - ditt skattkammer

Kilde: Facebook