Fredag 6. oktober lagar vi i stand ein stor viltbuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. Det er ei bordsetning klokka 18.00 og ei bordsetning klokka 20.00. Prisen er kr. 425,- per person for vaksne og det er halv pris for barn under 12 år. Under 3 år er gratis. Bestill bord på e-post:

Etter middagen held Anders Svare og Steinar Håkenstad foredrag om Vågå Tamrein AS i peisstugu. Dette start klokka 21.00.

Etter middagen rår vi deg til å ta turen til Besseggen Fjellpark på ølfestival! Lokale ølprodusentar frå Gudbrandsdalen og Valdres presenterer bryggeria sine og det blir livleg irsk musikk. Teltet er ope frrå klokka 20.00 til 01.00

Velkomne til fjells!😊 Kari og Bjørn

Fyrste veka i oktober blir fagre Sjodalen fylt opp med eit fyrverkeri av skarpe haustfarger, kulinariske opplevingar, spanande aktiviteter, levande kultur, nydelege toner, mat- og musikkfesten Rock ‘n’ rein - og sjølvsagt heilt herlege fjellturar for små og store.

Gjendebåten går kvar einaste dag under Jotunheimen reinsdyrfestival, så topp gjerne det rikhaldige og varierte
programmet med tur over Besseggen.

Sjå reinensrike.no for komplett festivalprogram, booking og overnatting.

Reinens rike - ditt skattkammer

Kilde: Facebook