Fredag 16. februar, fredag 9. mars, sundag 11. mars, fredag 16. mars, sundag 18. mars og fredag 23. mars 2018 kan du møte reinsdyr i Sjodalen!🌞

Bli med Jørn og Ola frå Jotunheimen Rein på tretimers tur til lavvoen ved Hosketjønn. Dei arbeider til dagleg som gjetarar i Vågå Tamrein AS. Reinsbukken Iver og kameratane hans vil vera turfølgje. Turen går over isen på Øvre Sjodalsvatn. Karane fortel om reinen og drifta av tamreinlaga i Jotunheimen.

Det blir servert tørka reinkjøt og kaffe til deg ved bålet. Og du serverer reinslav til reinane! Og dersom Iver er i humør til det blir det kanskje ein sledetur😊

Vakre Sjodalen i Jotunheimen er Reinens rike – ein særprega høgfjellsdal fyllt med unike råvarer, mattradisjonar, kulturhistorie og aktivitetar knytt til urdyret. Her finn du Hindsæter Hotel, Bessheim Fjellstue og Gjendesheim Turisthytte, samt Besseggen Fjellpark og Gjendebåten som kjører til Besseggen i sommarsesongen.

Turen kostar kr. 500,- for vaksne og kr. 300,- for barn.

Påmelding på e-post: eller på tlf 61 23 89 13.

Velkomen på tur med Iver!😊

Kilde: Facebook