KORK-musikarar opptrer her som sinfonietta - det vil sei eit lite orkester, med berre ein musikar per stemme. Her blir det både kammermusikk, ensemble- og solistverk.

Som opning på denne konserten spelar strykekvartetten Puccinis vakre "Chrisantemi". Så vil pianist Andreas Løken Taklo saman med lomme-orkestret framføre ein sats frå Johannes Haarklous (1847-1925) klaverkonsert. Haarklou var født i Førde, og var ein av Edvard Griegs samtidige. Vi gler oss til igjen å la hans tonar klinge fritt i hans eige heimfylke. Vidare får vi høyre Solotrombonist Sverre Riise i Ørjan Matre sitt verk "...but I must have said this before" og til slutt vert Aaron Coplands vakre "Appalachian spring" framført. KORK sin eigen konferansier Jan Fredrik Heyerdahl leiar oss gjennom konserten.

Dirigent: Peter Szilvay
Solistar:
Andreas Løken Taklo, piano
Sverre Riise, trombone

Hugo Hilde, fiolin
Atle Sponberg, fiolin
Ingvild Habbestad, fiolin
Maren Elle, fiolin
Nora Taksdal, bratsj
Jon Sønstebø, bratsj
Audun Sandvik, cello
Sverre Barrat-Due, cello
Marius Flatby, bass
Brit Halvorsen, fløyte
Trygve Aarvik, obo
Bjørn Nyman, klarinett
Embrik Snerte, fagott
Alessandro Caprotti, fagott
Joar Jensen, horn
Odd Nilsen, trompet
Petter Winroth, trombone
Joakim Nordin, slagverk
Christian Krogvold Lundqvist, slagverk
Sigstein Folgerø, piano

Velkomen!

Kilde: Facebook