Koret Fryd byr på ein heil pakke med opplevingar denne augustsøndagen. Det vert både konsert, historieforteljing og guida turar på øya Kinn utanfor Florø. Vi er så heldige å ha besøk av det veletablerte nordiske vokalensemblet Trio Mediæval. Songartrioen er vidt kjende for sine folketonearrangement og sin middelaldermusikk, og konserten har fått namnet Tida, trua og tonane. Songane de vil få høyre spenner seg frå tida kring Kinnakyrkja vart bygd og fram til vår tid. Vi meiner desse gamle, fine tonane med dei nye klangane vil skape magi og kle den gamle kyrkja svært godt.

Kilde: Facebook