For kvar dag som går er me ein dag nærmare å kunne delta på sommarens store høydepunkt nemleg NBU sitt Landsstevne 2017.

Her skal det tevlast kvar dag og DU har moglegheita til å vere med. Kanskje kan du til og med få stå på pallen å vere blandt topp 3? Med heile 19 ulike tevlingar er me sikre på at det er ei tevling for ein kvar smak!

Me er med i kampen om å vinne NBU sin Tevlingspris. Før landsstevnet leier Rogaland Bygdeungdomslag suverent, Me håpar at akkurat DU har lyst å vere med i kampen om denne prisen ved å vere med å tevle!

Dei som har kvalifisert gjennom fylkesuttak har fyrsterett på tevlingsplassene, men utover det er det første mann til mølla!

Her er ei liste over dei ulike tevlingane:
- Blomsterdekorering
- Borddekking
- Spekematsanretning, lag 3 stk - begge kjønn
- Eksteriørbedømming av storfe
- Eksteriørbedømming av hest
- TRT
- John Deere Cup, lag 3 stk - begge kjønn. Må ha trafikkalt
grunnkurs.
- Moped. Må ha trafikkalt grunnkurs
- Mønstring av hest
- Trafikk. Må vere 18 år og ha billappen.
- Verneløp
- Vill villmark
- Spenna gæær'n, lag 5 stk - begge kjønn
- Quiz, lag 2-4 stk - begge kjønn
- Kulturmønstring
- Swing, par.
- Kokkekamp, lag 2 stk
- Motorsag, lag 3 stk - begge kjønn
- Gjensidige CUP. Må ha trafikkalt grunnkurs.
- STIHL-cup. Må ha kvalifisert.
- Tautrekking, lag 10 stk - Dame og Herre lag
- Fotball
- Volleyball

Meld deg på allereie nå!

PÅMELDINGSFRIST: 30.06.2017

Sjekk med programmet at ingen av tevlignane du vil delta på krasjer. Det er tevlers ansvar!

Påmelding til tevlinger er bindane.

Klikk på linken under og fyll ut skjemaet. ALLE tevlere på må fylle ut skjema.

https://goo.gl/forms/fIBNvVrNGVX9ecnE2

Alle tevlingsreglane ligg inne på http://www.nbu.no/tevlinger/category159.html

Dersom du har spørsmål ta kontakt med Elena Marie Johnsen på 99435995.

Kilde: Facebook