Kom og opplev det kjekkaste badeanlegget på Haugalandet!

I Tysværtunet badeanlegg har vi to basseng, rutsjebane, stupetårn, grotte, badstu, solarium m.m, Det er svært behageleg temperatur i vatnet; ca. 30 grader i det store og ca. 34 grader i barnebassenget. Her er svært godt tilrettelagt for familiar og badande i alle aldrar og med ulike behov.

Det er eigen handikappgarderobe og det er montert teleslynge i billettluka. I billettluka har me eit bra utval av badetøy, symjebriller, armringar for dei minste osv - alt i høg kvalitet frå italienske Aquarapid. Du kan også få leige handkle og badetøy. Vi har låsbare garderobeskåp med 10 kroner i depositum. Hugs at også sko bør låsast inn.

Alt som blir attgløymt blir tatt vare på i ca. 10 veker. Hittegods er tilgjengeleg i opningstida på huset. Verdisaker blir jamnleg levert inn til lensmannen. Ring 52757511 for hittegods.

Det kan vere mykje folk i badeanlegget i helgene, særleg når det er dårleg ver. Dersom kølappsystemet er i bruk henter ein kølapp i billettluka, og du kan vente f.eks i kafeen. For vaksne er det ein god idé å bade i tida 20.00-21.30 onsdag-fredag (gjeld ikkje sommar). Vanlegvis er det då god plass til badande.

Regler

Reglar i basseng: Ein må vere fylt 10 år og kunne symje for å bade åleine, elles må myndig person følgje inn til bassenget og passe på.

Hygiene:

Badebleie er påbode i bassenget for barn under 3 år (hygienekrav). Bleie kan kjøpast i badevakta, eller de kan ta med sjølve. Alle SKAL dusje og vaske kropp og hår med såpe utan badetøy før ein går i bassenga. Bare badetøy er tillate. Plagg på plagg, som shorts med ekstra bukse og bikini/BH med ekstra T- skjorte over, er ikkje lov. Heller ikkje våtdrakter, dette pga hygiene. Hugs å dusje etter badstubesøk. Dess betre reinsleghet blant publikum, dess mindre bruk av klor i basseng. Bruk av tyggis og snus er ikkje tillatt i bassenget.

I vårt badeanlegg er det installert UV-renseanlegg, det tas prøver 4 gonger om dagen i basseng, i tillegg sendes det inn bakteriprøver regelmessig til ekstern kontroll.

Foto/Film i badeanlegget:

Det er foto/film forbod i dusj/garderobeanlegg. Ønsker du å ta film/foto inne ved bassenget? Ta då kontakt med badevaktane før bruk. Vis hensyn til andre badande.

Kilde: www.tysvertunet.kulturhus.no