Det gamle jærhuset på Haugabakka er bygdemuseum for Klepp. Huset blei bygd i 1852 /1853 som skulestove og lærarbustad, og var det første skulehuset i Klepp.

Her finn du ei bygdesamling og rom for skiftande utstillingar. I åra 1922 – 1933 blei huset nytta av kommuneadministrasjonen. Huset blei restaurert i 1993, og blei då ført tilbake til opphavleg utsjånad.

Fargane er valde ut etter prøvar frå dei eldste malingslaga. Den eine stova, som opphavleg var lærarbustad, er innreia slik han kan ha sett ut sist på 1800-talet

Museet er ope for omvising etter avtale.

Ta kontakt med Jærmuseet tlf. 51 79 94 20. Omvisning utanom annonserte opningstider kostar vanleg billettpris, pluss eit tillegg:

Måndag til fredag kl 8 – 15 (arbeidstid) kr 300 per time

Etter kl 15 på kvardagar + laurdag og sundag kr 500 per time Tillegget er uavhengig av kor mange besøkjande de er. Les mer her: http://www.jaermuseet.no/anlegga-vare/haugabakka/opningstider-og-priser

Kilde: www.jaermuseet.no