Garborgsenteret er ein nasjonal formidlingsarena danna for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret vil inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Det er eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft.

Publikum blir invitert til å setja fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda Garborg – ein skal læra gjennom å gjera.

Målgruppa for senteret er eit allment publikum utan særskilte faglege føresetnader. Ungdom i 15- 25-årsalderen og unge vaksne er peika ut som hovudmålgrupper for senteret sitt arbeid.

Kilde: www.jaermuseet.no